;

Leiken sin betydning i SFO

Leik er kjernen i SFO. Med tid, rom og støtte frå leikande vaksne, kan barna utforske, bygge vennskap og oppleve glede og meistring i SFO-kvardagen.

Du må akseptere markedsføringscookies for å kunne se dette innholdet

I SFO møter vi barn som utforskar verda gjennom leik. Leiken er ikkje berre noko dei gjer, men ein måte å vere til stades på, både kroppslig, sosialt og følelsesmessig.

Når SFO gir tid, rom og støtte til utforskning, blir leiken ein arena der barna kan oppleve glede, meistring, tilhøyrsle og tryggleik. Leik fremjar samstundes språk, sosial kompetanse, vennskap og evna til å regulere eigne følelsar.

Den leikande vaksne

Leik bør ha ein tydeleg plass i det pedagogiske arbeidet i SFO, og tilsette bør ha ei felles forståing av leiken som eigenverdi. Å prioritere barnestyrt leik er avgjerande for at SFO kan vere ein arena der barna kan utvikle seg som robuste, leikande menneske.

Samstundes får tilsette som deltek aktivt i leiken betre kjennskap til barna, kan skape inkluderande leikemiljø og støtte barna i konfliktløysing og relasjonsbygging. Dette kan ha stor verdi både for barna og den vaksne.

Sjå fagleg innlegg i videoen over for å høyre meir om leiken sin betydning i SFO. Innlegget er av Maritha Berger Nylund, høgskulelektor ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, Høgskulen på Vestlandet.

Refleksjonsspørsmål

  • Korleis prioriterer vi tid og rom for barnestyrt leik i vår SFO-kvardag, og kva hindringar møter vi?
  • På kva måte deltek vi vaksne aktivt i leiken, og kva gjer at vi av og til held oss utanfor?
  • Har personalgruppa ei felles forståing av leiken sin verdi, og korleis kjem den til uttrykk i planlegging og praksis?
  • Korleis kan vi justere rutinar, overgangar og aktivitetar for at leiken skal få ein tydelegare plass i innhaldet i SFO?