;

Matlagingsteknikkar

Matlagingsteknikkar er støttefunksjonar i matlaginga og handlar om korleis ein behandlar råvarer for å få best mogleg resultat. Gjennom ulike teknikkar som går ut på å dele, blande, forme og reinske, lærer elevane å lage mat på ein trygg, effektiv og smakfull måte.

Å meistre matlagingsteknikkar er ein viktig del av arbeidet på kjøkkenet. Kunnskap om og erfaring med matlagingsteknikkar vil kunne gje elevane eit godt grunnlag for å utvikle både ferdigheiter og matglede.

Å vaske, skylje, reinske og klargjere råvarene på rett måte medverkar til trygg og god mat. Ulike skjere- og kutte-teknikkar påverkar kor raskt maten blir ferdig og korleis han blir opplevd å ete. Blandeteknikkar speler òg ei viktig rolle, der ingrediensane nokre gonger skal blandast varsamt for å bevare luft i røra, medan det andre gonger krevst kraftigare arbeid for å få ei jamn og smidig masse. Å kunne rulle, kna og forme er særleg viktig i baking, der til dømes rett behandling av deig kan avgjere om resultatet blir luftig eller kompakt.

Teknikkort

Saman med Mat og helse i skulen har Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet utvikla «teknikkort» til bruk i undervisning om matlagingsteknikkar. Det blir tilrådd at korta blir brukte saman med metodekorta som skildrar systematiske framgangsmåtar for matlaging. 

Last ned og skriv ut teknikkorta (tosidig-utskrift):

Matlagingsteknikkort - Nynorsk (PDF)

Matlagingsteknikkort - Bokmål (PDF)

Skildring av matlagingsteknikkar er utarbeidd av Mat og helse i skolen, der du kan lese meir om matlagingsmetodar og matlagingsteknikkar (matoghelse.org). Design og illustrasjonar av Kristoffer Buene Vabø.